Hopp til innhold

«Ver så snill, ikkje gå, for då er det ingen som kan snakke med meg.»

Som sitatet viser, har ikkje Ole nokon å snakke med når den eine vaksne som kan teikn, går heim. Som einaste døve elev på sin skule, saknar han eit teiknspråkleg miljø.

Teiknspråk er eit visuelt språk med sin eigen grammatikk. Sjølv om nokre av dei andre elevane kan litt teikn, er ikkje det det same som eit teiknspråkleg fellesskap. Teiknspråk er meir enn teikn, slik norsk språk er meir enn ord aleine.

Foto: Høgskulen på Vestlandet.

Når det gjeld elevar som har rett på undervisning i og på teiknspråk, som denne guten, kjem ofte skulen til kort. Dei har ikkje lærarar som har den nødvendige kompetansen. Dermed vel mange skular å tilsetje teiknspråktolk for å møte kravet om slik undervisning.

Dette kan likevel ikkje erstatte det naturlege teiknspråkmiljøet ved dei statlege døveskulane. Der ville Ole hatt både andre døve barn og teiknspråklege vaksne å snakke med. Ein kan såleis konkludere med at politiske intensjonar om inkludering snarare har ført til utanforskap og språkdeprivasjon hos døve barn som veks opp i dag.

For Ole hastar det.

Artikkelen kan du lese her; https://blogg.forskning.no/blogg-sprak-i-utdanning/kven-kan-snakke-med-meg/1670936?fbclid=IwAR1b_f90QcoJ1KwT4kwy7dq8hUSkmH1LwnPWziFi5Ow0ThNu2zB9COxbReQ